Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. des 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Tidlegare i debatten sa representanten Kristensen frå Høgre i sitt innlegg at Høgre ikkje hadde funne på krumspring for å få budsjettet til å gå i hop, men også dei kuttar 100 mill. kr i kyrkjebevaring, noko som vil bety kutt i bevaring av kyrkjene våre. Når ein omdisponerer pengar, vil jo kutt gå ut over dei som blir kutta. Vidare sa ho at Høgre er bekymra for barn som veks opp i fattigdom, og framheva fritidskortet som Solberg-regjeringa innførte, som viktig. Ho unnlét dermed å fortelje at Høgre ikkje sjølv prioriterte ei einaste krone til fritidskortet. Dei gjorde det ikkje i 2022, 2023 og 2024, og heller ikkje no. Dette er neppe eit teikn på at ideen til Kristeleg Folkeparti ikkje falt i smak; han var jo lite treffsikker, byråkratisk og dyr. Det var ei ordning som Solberg-regjeringa brukte to år på å rulle ut, der store summar gjekk til forvaltning av ordninga. Til slutt nådde dei om lag 10 pst. av dei 750 000 ungane som var i målgruppa. Det var altså heller aldri ei nasjonal ordning. Vi må òg prate om kva ein brukar kutta sine på, altså Høgre sine skattekutt, for når dei snakkar om at dette er viktig for alle, vil eg trekkje fram nokre eksempel. Dei med låge inntekter får nokre tusenlappar i skattelette, mens dei 5 000 rikaste, altså dei 0,1 pst. rikaste, får nesten éin million kvar. På inntektsskatten vil den rikaste 0,1-prosenten få 2 500 kr i formuesskattekutt om dagen, mens folk med vanlege lønsinntekter får 8–9 kr. Samtidig vil dei at dei aller rikaste laksemilliardærane skal betale mindre skatt, mens dei små lakseoppdrettarane skal betale meir, og det å dra til tannlegen blir fire gonger så dyrt for ungdom og unge med forslaget til Høgre. Så jo, Høgre sine skattekutt går primært til dei rikaste i landet, og i den krevjande jobben med å finne inndekning for desse skattekutta vel Høgre å gjere f.eks. bøker 25 pst. dyrare – i ei tid då alle er bekymra for at barn og unge les mindre og dårlegare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat