Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. des 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Eg vil starte med å seie at vi lever i ei spesiell tid, med både krig i Europa, ei generelt uroleg verd og ei tid med høge prisar som får kvar og ein av oss til å kjenne på om ein har råd, og kva ein skal prioritere. Eg meiner at i vår tid treng ein ikkje mindre, men meir kultur – opplevingar som bind oss saman og fyller livet vårt med innhald, glede og aktivitet. Då blir det endå viktigare at våre barn og unge får delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av kva foreldra har i lommeboka, og at vi byggjer opp om den viktige rolla til frivilligheita, slik at vi kan skape tilbod og inkludere endå fleire, og at det finst idrettsanlegg, fritidstilbod og kulturtilbod i heile landet. Difor prioriterer vi òg i år frivilligheita, gjennom å levere full momskompensasjon til frivillige organisasjonar i heile landet. I løpet av denne regjeringsperioden er ordninga auka med over 1 mrd. kr. For andre gong i statsbudsjettet gjev vi òg millionar til idretten, nettopp for å kunne inkludere endå fleire. I den tida vi er i no, meiner eg dette er riktige prioriteringar: inkludere fleire og skape aktivitet. Arbeidarpartiet vil ha eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv og ha likeverdige kulturtilbod i heile landet. Årets statsbudsjett gjev eit lokalt kulturløft, der vi vil etablere eigne regionale kulturfond for å bidra til gode lokalsamfunn og eit mangfaldig kulturliv. Regionale kulturfond skal støtte opp under ansvaret og rolla som fylkeskommunane har på kulturområdet i dag, og bidra til endå meir aktivitet og deltaking i kunst- og kulturaktivitetar over heile landet. Med satsinga på å styrkje frivilligheita, etablering av regionale kulturfond og å auke styrkinga på nye og eksisterande kulturbygg – nettopp slik sikrar vi aktivitet i heile landet. Som sagt meiner eg at kulturpolitikken kanskje er viktigare no enn nokosinne. Difor er eg òg glad for at det er denne regjeringa som styrer, for når vi ser på dei alternative budsjetta til Høgre og Framstegspartiet, bekreftar dei at valet til neste år blir eit skjebneval for kulturlivet. For kor mykje av kulturpolitikken blir igjen dersom Framstegspartiet får gjennom sine forslag om å kutte det aller meste, når Høgre vil gjere det vanskelegare og dyrare å lese bøker, og når dei tek inn 1 mrd. kr til skattekutt til dei som har mest frå før? Både Høgre og Framstegspartiet kuttar i Kulturfondet, så vi risikerer at musikkfestivalar over heile landet ikkje får støtte. Òg innkjøp av bøker til både bibliotek og skulebibliotek blir ramma. Eit problem med å kutte i slike ordningar er at ein ikkje fortel med reine ord kva ein vil kutte, og då kan vi ikkje gjere noko anna enn å spekulere. Er det Moldejazz som skal få kutt med Høgre og Framstegspartiet? Dette meiner eg folk over heile landet fortener svar på før dei skal stemme til hausten. Høgresida innfører òg ABE-kutt, eller ostehøvelkutt, over heile linja, som flatt råkar alle. Det betyr eit kutt på ca. 129 mill. kr på kulturbudsjettet, som kjem i tillegg til andre kutt som står spesifikt. Om dei ikkje alltid vil fortelje kva dei vil kutte, kan vi sjå på kva dei gjer når dei har makt. I Oslo ser vi at dei kuttar i fritidsklubbar, og dei har òg strupt økonomien til Oslo Nye Teater. I Møre og Romsdal kuttar dei bl.a. i Den kulturelle spaserstokken og tilskotsordning for profesjonell kunst. Eg er glad for at det – heldigvis – er ei regjering som består av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som finn fleirtal saman med SV i det statsbudsjettet vi vedtek. Her prioriterer vi kultur i heile landet og frivilligheit.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat