Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2024

Innlegget
Filminsentivordninga brukar vi ein del pengar på, fordi ho er viktig. Det er hyggeleg å høyre at Framstegspartiet er for noko i kulturbudsjettet, når dei eigentleg er imot det meste. Dei kuttar altså 5,3 mrd. kr i kulturbudsjettet, i tillegg til ABE-kutt på 129 mill. kr. Dette vil rasere musikkfeltet, scenekunst, institusjonar, museum, musikkfestivalar – det aller, aller meste som nettopp skapar den kunsten Noreg bør vere stolt av. Viss Framstegspartiet skulle fått gjennomslag for sin kulturpolitikk, ville det ikkje vore særleg mange kunstnarar igjen som kunne hatt råd til å gje ut den gode kunsten eg er stolt av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat