Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2024

Innlegget
Det representanten ikkje snakka så mykje om, var at Høgre føreslår å kutte 15 mill. kr i vederlagsordninga, altså inngåtte avtalar der staten betalar eit kollektivt vederlag for utnytting av verk til kunstnarane som har skapt verket. Det gjeld bl.a. kompensasjon for framstilling av litteratur, tilgjengeleg i format til bruk for personar med funksjonsnedsetjingar. Det gjeld òg vederlag for publikum sin tilgang til bøker i offentlege bibliotek, vederlag for bruk av musikk i religiøse seremoniar og bibliotekvederlag. Det eg ikkje forstår, er at Høgre, som ofte er opptatt av privat eigedomsrett, og med det retten til å få vederlag for sitt åndsverk, vil frata kunstnarane vederlagsinntektene, som dei har krav på i medhald av lova. Eg lurar på kva vederlag det er som skal kuttast, og om Høgre kan forklare logikken sin, for det har eg ikkje heilt forstått.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat