Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. des 2024

Innlegget
Framstegspartiet viser tradisjonen tru sitt sanne eg. Det er massivt kutt til kultur, 5,3 mrd. kr over heile landet. Dei kuttar massivt i mediestøtta og til NRK, det same i filmfondet og tilskotsordninga, noko som rammar musikkfestivalar rundt omkring i landet. I tillegg er det ostehøvelkutt på om lag 129 mill. kr, noko som òg vil ramme inkludering av barn og unge. Framstegspartiet legg heller ikkje ei einaste ekstra krone til filminsentivordninga i sitt alternative budsjett. Tidlegare i perioden har Framstegspartiet òg føreslått å selje oss ut av Carte Blanche, Den Nationale Scene, Filmparken og mange, mange fleire. Oppsummert er det eigentleg frå første til siste forslag i budsjettet noko eg beint fram vil kalle unorsk. Om Framstegspartiet får styre kulturpolitikken, er det slutt på Noreg slik vi kjenner det, meiner eg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat