Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Noko anna som gjer meg stolt av å vere norsk, er at vi i førre veke hadde utdelinga av Nobels fredspris rett utanfor bygget her. Det er ein pris og eit arbeid som eg verdset veldig høgt, og som kanskje er særs viktig i ei tid med krig i Europa og ei generelt uroleg verd. Men det undra meg litt, då eg las Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett, at dei faktisk halverer tilskotet til Nobels Fredssenter. Eg kan heilt ærleg ikkje fatte og begripe korleis Framstegspartiet meiner dette er rett prioritering i desse dagar, når det stadig blir ei meir og meir uroleg verd.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat