Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. des 2024

Innlegget
Det er no eingong slik at alt som handlar om samferdsel, gjerne kjem i vår komité, som er transportkomiteen. Eg tek difor opp eit forhold som ligg til kommunalkomiteen, men som me i transportkomiteen fekk tydelege tilbakemeldingar om i høyringane frå både fylkeskommunane og KS, og eg snakkar her om ferjedrift. Det som vart teke opp, var problem med mannskapsmangel, beredskapsferjer som ikkje gjekk, underfinansiering av ferjedrift generelt, fulle ferjeavgangar og gjenståande bilar på overfylte kaier. Som for så mykje anna er heller ikkje dette enkle problemstillingar. Det handlar om fylkeskommunal innkjøpskompetanse og uklare krav til nullutslepp for nye ferjeanbod, men fremst av alt handlar det om underfinansiering av gratisferjer og ferjedrift til fylkesvegferjer. Det var det som frustrerte fylkeskommunane mest. Frustrasjonen hos dei reisande som vert ståande att på kaia og ikkje rekk arbeid, eller frå næringslivet som ikkje får varene ut på kontinentet, er òg stor. Då hjelper det lite med gratis ferje når ferja ikkje går, eller du ikkje kjem med. For dei reisande er det faktisk viktigast å ha eit tilbod som fungerer. Ein kan snakka om at dei fastbuande sparer nokre kroner, men det vert fort ein krevjande sak når fisken ikkje når kontinentet til den tida som er lova. Då fyk tusenlappane fort. Det var difor me i transportkomiteen bad om ei evaluering av følgene av innføring av gratisferjer, for å sjå om me kunne gjera noko betre. Dessverre opplevde me at regjeringa var fullstendig uinteressert i det. Dei lukka auga for å ta tak i det kaoset som dei no har etterlate seg, og dei ber fylkeskommunane rydda opp. Dette opplever me ikkje som greitt. Me skulle i det minste ønska at dei hadde eit ønske om å lytta og forbetra situasjonen. På tampen har eg òg lyst til å nemna hurtigbåtane, sidan me no er innom sjøfart. Me står framfor mange kontraktar som skal setjast på hurtigbåt. Bransjen sjølv hadde forventa nullutsleppskrav og meiner at dei har løysingane, men regjeringa har skote kravet ut i det blå. Igjen opplever me vingling, rådløyse og lite forståing for dei aktørane som har lagt ned store ressursar i den tru at kravet skulle koma i 2025. Det same gjeld for fylkeskommunane, som har måtta trø vatnet i eit par år, utan avklaring på kva ein skal leggja inn i anbodsdokumenta. Føreseielege vilkår er det einaste bransjen ber om, og det handlar om respekt for næringslivet sine ressursar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat