Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. des 2024

Innlegget
Statsråden etterlyste korleis Høgre tenkjer distriktspolitikk. Først og fremst tenkjer me det no er viktig at me let bedriftene behalda dei inntektene dei har, og ikkje pålegg dei skattar og avgifter herifrå og inn i æva, slik at dei ikkje kan greia den omstillinga dei står føre. Å skapa dei arbeidsplassane for Distrikts-Noreg – det er Høgres distriktspolitikk. På vårt område kan eg nemna at me har 500 000 kr meir til vedlikehald og drift av fylkesvegar. Det er òg det fylkeskommunane etterspør. Dei treng gode fylkesvegar – folk må koma seg til og frå. Me er opptekne av å byggja landet saman. Difor har me endå fleire prosjekt enn det regjeringa har. Det la me òg vekt på i Nasjonal transportplan då me kom med våre innspel til den. Representanten Vågslid var oppteken av trikkane i Oslo. Me ville ikkje ha auka prisane der viss det var lange køar. Representanten Vågslid og denne regjeringa har heller ikkje lagt ei krone på bordet for å bidra til meir kapasitet på ferjene. Det er det som frustrerer. Når ein heller ikkje ønskjer å høyra på evalueringane frå gratisferjedrifta, er det trist.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat