Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. des 2024

Innlegget
Eg skal ikkje dra ut debatten, eg heller, men når me er så heldige å ha statsråden her, tenkte eg å seia at føremålet med nysalderinga er å gjennomføra tekniske budsjettendringar på slutten av året. Tilleggsløyvingar til nødvendige og uføresette utgifter i slutten av desember er òg ein del av dette. Med dette som bakteppe kan ein jo spørja seg om ikkje støtta til CargoNet for å innfri forpliktingane til Statens pensjonskasse, eller løyvingane til forsterka ekom i Trøndelag, burde ha vore kjende då budsjettet vart sett opp, og at det sånn sett difor burde hatt ein plass i det ordinære budsjettet. Eit anna forhold som er verdt å kommentera, er det særskilte tilskotet til styrkt kollektivtilbod til Akershus fylkeskommune, som følgje av midlertidig stenging av Ring 1, der tildelinga av tilskot krev at fylkeskommunen sjølv bidreg med 50 pst. Stenginga av Ring 1 har medført store trafikale utfordringar for innbyggjarane i Akershus og Oslo. Spørsmålet er kven som bør betala når staten set i verk tiltak på hovudvegnettet som påverkar innbyggjarane i ein kommune eller ein fylkeskommune. Under Solberg-regjeringa stilte regjeringa med ei tiltakspakke for kollektivtilbodet sist innbyggjarane i Akershus vart påverka av tunnelrehabilitering i Oslo. Det er eit tankekors at fylkeskommunen no må bidra med så mykje når staten er oppdragsgjevar og forårsakar følgjene som oppstår.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat