Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. des 2024

Innlegget
Eg vil gjerne få lov til å løfta fram geoparkane, som òg ligg under ansvarsområdet til denne komiteen. Diverre har dei i dette budsjettet korkje vorte prioriterte av regjeringa eller kome inn under forhandlingane med SV. UNESCO-geoparkane bidreg med internasjonal status og formidling av verdfull naturarv. Geoparkane med UNESCO-status har eit krav om å tilsetja geologar for å oppretthalda UNESCO-statusen, ein kostnad som til no er vorten dekt over løyvingar i statsbudsjettet. Sidan 2020 har geoparkane, som no tel fire stykk, fått 1 mill. kr i statsstøtte, så nær som i 2022. Fire av våre fem geoparkar ligg i distrikt der det er så få fastbuande at kommunetilskotet per innbyggjar saman med fylkeskommunal støtte ikkje kan finansiera eit minimum av bemanning. Difor har ein til no vore avhengig av den statlege støtta. Noreg bidreg altså med nær 700 mill. kr totalt til ymse UNESCO-prosjekt rundt omkring i verda, inkludert NORADs. Det viser at ein har stor statleg vilje til å støtta UNESCO. At regjeringa då vel ikkje å bidra til dei norske UNESCO-geoparkane, vert eit ganske stort paradoks. Me har difor ein merknad om at regjeringa må gå i dialog med UNESCO-geoparkane for å sikra at kompetansen ikkje går tapt ved bortfall av statstilskotet, og finna gode løysingar for å hindra at denne kompetansen forsvinn. Dette er kompetanse som er veldig vanskeleg å få tak i. Føreseielege rammevilkår er heilt nødvendig. Dette handlar òg om å gjera geoparkane i stand til å driva god personalpolitikk, noko me opplever at denne regjeringa er oppteken av – i alle fall gjennom retorikk. No kan regjeringa òg gjennom praktisk politikk visa at dei tek situasjonen til geoparkane på alvor. Det beste hadde vore om statsråden no på ståande fot kunne ta utfordringa og lova geoparkane eit møte, slik at dei kan gå inn i jula med litt lågare skuldrar og eit håp om ei god løysing ut på nyåret. Geoparkane gjer ein fantastisk jobb med å løfta delar av naturen og kulturarven vår, og regjeringa bør gjennom handling visa at dei verdset dette.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat