Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. des 2024

Hans Inge Myrvold
Senterpartiet·Hordaland

Innlegget

Budsjettdebatt er budsjettdebatt, men det er sanneleg òg ei anledning til å få fram skiljelinjer i Stortinget. Straumprisbonanzaen dei siste vekene dannar delvis grunnlaget for innlegget mitt. For Senterpartiet og regjeringa har straumstønadsordninga vore eit viktig verktøy for å ta ned den enorme prisgaloppen som har utspelt seg. Straumstønadsordninga har til no kompensert for nær 50 mrd. kr, og dette held me sjølvsagt fram med inn i 2025. Vidare er det heilt avgjerande for Senterpartiet å ta tak i dei strukturelle utfordringane som ligg i dagens straummarknad, med m.a. å justera ned eksportkapasiteten, men ikkje minst få greidd ut meir kraft av børs og inn i ein fastprismarknad som vil tena både folk og næringsliv. Eit målretta og godt budsjett for energi- og miljøfeltet vert i dag vedteke. Det er ei rekkje avgjerande og viktige prioriteringar i eit godt samspel mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV. Veljarane som snart skal ta stilling til val og samansetjing av eit nytt storting til hausten, fortener faktisk fleire svar frå opposisjonen enn dei ein evnar å få fram i dagens budsjettdebatt. I budsjettprioriteringane frå Framstegspartiet lovar dei veljarane sine ein makspris på 50 øre/kWh til private hushaldningar. Det som ikkje kjem tydeleg fram frå Framstegspartiet, er korleis dei vil arbeida fram ein straummarknad som faktisk tener det norske folket og ikkje minst næringslivet vårt i tida som kjem. Framstegspartiet bana i si tid i regjering, med olje- og energiministeren i perioden 2013–2020, vegen for tettare integrering til den europeiske straummarknaden og ikkje minst ein betydeleg auke i eksportkapasiteten med kablar til både Tyskland og Storbritannia. Fasiten på arbeidet til Framstegspartiet har me i dag: ein jojopris og tidvis ekstreme kraftprisar som ikkje tener landet vårt. I Hurdalsplattforma vart det tydeleggjort at det ikkje skal etablerast nye kablar eller ny overføringskapasitet. Det me har fått av informasjon frå Framstegspartiet til no, var då dei lanserte ein noregspris – altså éin lik pris i heile landet. Det vil sjølvsagt ikkje løysa dei store problema dette partiet har påført landet, men vil gje monaleg høgare pris til større delar av landet ut over dei mest ekstreme prissonene i vest og sør. Med all respekt: Å vera vitne til Framstegspartiets politikk på området er litt som å lesa i eventyret frå Nordahl Rolfsen: «–Dreg du den, så dreg du den med, og dreg du den, så dreg du den med, og såleis heldt ho på, til hesten ikkje vann lasset av flekken.»

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat