Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. des 2024
Innlegget
Eg er glad for presidentskapet si gode hand over debatten, og at dei ikkje minst kjem med gode presiseringar. Det tenkte eg at eg òg skulle bruka enden på denne debattrunden til. Me utfordrar kvarandre, men den kritikken som kjem frå Framstegspartiet, som i utgangspunktet handlar om at ein peiker på historiske visjonar, men òg historiske merknader, vert jo langt på veg puslete og ei total ansvarsfråskriving når føresetnadene for kraftutveksling, som me alle veit, har endra seg radikalt, særskilt når Tyskland byggjer ned og tek ned viktig regulerbar kraftforsyning. Så eg lever godt med den kritikken Framstegspartiet kjem med. Grunnlaget for det er nettopp at Senterpartiet i denne debatten, og i det me føretek oss, kjem med den tydelege erkjenninga at me set norske interesser i høgsetet og tek ansvar når me er på post. Framstegspartiet ivra gjennom sine sju år i Olje- og energidepartementet for det motsette. Dei bana ukritisk veg for ein tettare integrasjon mot EU, og ein har òg hatt enorme kapasitetsaukar knytte til eksport av den viktigaste energiressursen i landet. Det var Framstegspartiet som ukritisk opna alle kranene, og som hadde ansvaret på post i sju år.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat