Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. des 2024

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

Innlegget

Har de høyrt om Grøn region Vestland, om regionens innovative industrihubbar som har ei leiande rolle i det grøne skiftet? Vestlandet står midt i ei historisk omstilling med verkemiddelapparat som er ein motor for å skapa arbeidsplassar i heile landet. Sjå på Odda i Ullensvang, som produserer verdas reinaste sink, eller Hydro i Høyanger, som produserer den reinaste aluminiumen i verda. Dette er ikkje symbol, dette er Noregs framtid. Det er innovasjon, teknologiutvikling og kompetanse i verdsklasse. Det er arbeidsplassar og eksportinntekter og grøn vekst. No står dette i fare. Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett er ein direkte trussel mot alt me har oppnådd. Dei føreslår å kutte i investeringstilskot til grøne prosjekt, klimainvesteringsfond og tilskot til små, store og mellomstore bedrifter. Dei halverer til og med midlar til klimaordningar til landbruket. Framstegspartiet kallar dette symbolpolitikk. Eg kallar det arbeidsplassar, skatteinntekter og vekst i bygdene våre. For oppklara litt for representanten Nilsen: Framstegspartiet sitt budsjett er som «long covid» for norsk industri. Først merkar ein kanskje ikkje skaden, men konsekvensane på sikt er katastrofale: industridød, tap av arbeidsplassar og ein svekt økonomi – for ikkje å snakka om konsekvensen for klimaet. Eg merka meg i debatten at Framstegspartiet ikkje snakkar like tydeleg om kjernekraft. Er det fordi det vil krevja 300 mrd. kr i subsidiar for å få det realisert? Underteikna lurer framleis på kva Framstegspartiet skal bruka si framtidige kraft til når industrien ligg brakk i heile Noregs land. Grøn omstilling er ikkje eit val, det er eit krav, og Noreg er allereie verdsleiande innan teknologi og innovasjon. Dette gjev oss moglegheiter som er heilt unike og i toppen med tanke på å kutta utslepp, men dette krev kraft, det krev støtte, og det krev leiarskap. Mens Arbeidarpartiet byggjer opp industrien og verdikjedene gjennom verkemiddelapparatet, kuttar Framstegspartiet i alt dette. Framstegspartiet vil setja kroken på døra for både tradisjonell industri og framtidas løysingar. Vi snakkar ikkje berre om å stoppa ei grøn omstilling – det er ein total frontkollisjon for Noregs konkurranseevne.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat