Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. jan 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte i Stortinget tirsdag den 6. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Psykisk helsevern skal vera tryggleiken når livet raknar, ikkje ei reiseplanlegging. Når avstanden aukar, fell fleire frå. Det er ei utvikling regjeringa har ansvaret for. Me ser store geografiske forskjellar. Finnmark og Nordland ligg dårlegast an, men òg i Vestfold og Telemark skjer det ei svekking av DPS-tilbodet. I Telemark er det heilt konkret snakk om å leggja ned døgnkapasiteten ved DPS Seljord. Det er ikkje ein teoretisk diskusjon; det er ei pågåande avgjerd. Regjeringa veit om det, helseministeren veit om det – likevel blir det ikkje gripe inn. Då må me stilla eit heilt grunnleggjande spørsmål: Veit regjeringa kva dette faktisk betyr for dei menneska det går ut over? DPS, distriktspsykiatrisk senter, er ryggrada i det psykiske helsevernet for vaksne. Det er her menneske med alvorleg depresjon, angst, PTSD, bipolar liding og spiseforstyrring får hjelp utan å bli lagde inn på sjukehus. La meg vere konkret: Ein småbarnsfar slit med alvorleg depresjon. Han treng tett og stabil oppfølging. Når DPS-tilbodet blir flytta eller lagt ned, blir han beden om å møte opp langt vekke – ofte med buss og tog i fleire timar. Meiner regjeringa på alvor at menneske i psykisk krise skal reisa slik for å få behandling? Fagfolk og brukarorganisasjonar har åtvara i årevis: Lange reisevegar og brot i behandling aukar risikoen for fråfall, forverring og akuttinnlegging. Og presset kjem til å auka, for me ser ein kraftig vekst i barne- og ungdomspsykiatrien. Fleire unge får hjelp i BUP, og fleire skal vidare til DPS når dei blir vaksne. Overgangen er sårbar, og han krev kapasitet og kontinuitet. Då må me byggja opp DPS, ikkje byggja ned. Når psykisk helsehjelp sviktar, får det alvorlege konsekvensar. Me ser det i samfunnet, og me ser det i fengsel: fleire dødsfall på kort tid. Det er ikkje tilfeldig. Det er resultatet av manglande oppfølging og nedbygging av tilbod. Når me ikkje gjev folk hjelp i tide, endar nokre i krise – i verste fall med livet som innsats. Arbeidarpartiet seier dei prioriterer psykisk helse. Samstundes blir ryggrada i systemet – DPS – bygd ned. Det er eit alvorleg sprik mellom det regjeringa seier, og det regjeringa gjer. Sentralisering er ikkje modernisering. Det er ansvarsfråskriving. Psykisk helsehjelp skal vera tilgjengeleg når livet raknar. Når ho ikkje er det, er det ikkje pasienten som har feila, det er politikken – og ansvaret ligg hos regjeringa. Difor må me stoppa nedbygginga av DPS og sørgja for at alle får hjelp der dei bur.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat