Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
15:19] (leiar for komiteen): Takk til komiteen for samarbeidet om saka. I den førre store opptrappingsplanen for psykisk helse, frå 1999 til 2008, vart det etablert distriktspsykiatriske senter i heile Noreg. Det var ei tydeleg politisk satsing på desentralisert struktur av spesialiserte tilbod innan psykisk helsevern. Ei slik utbygging skulle sikra nærleik til pasientar, og at dei store institusjonane ikkje lenger skulle vera hovudregelen i psykisk helsevern. Oppbygginga av DPS skulle sikra desentralisert behandling av spesialiserte tilbod og eit godt samarbeid om pasientar med kommunane, og det skulle inngå i det heilskaplege behandlingstilbodet innan psykisk helsevern. Det har vore fleire opptrappingar etterpå, bl.a. ein opptrappingsplan som vart vedtatt i Stortinget i 2023, som òg skulle fortsetja ei utvikling av det nære helsetilbodet i psykisk helsevern. Vår store bekymring er likevel at på tross av ein vedtatt opptrappingsplan er fleire DPS-ar føreslått lagde ned, eller det er gjort vedtak om nedlegging. I høyringa som komiteen hadde, kom det fram frå fleire at det no kjem ei stille nedbygging av DPS-ar i psykisk helsevern. Legeforeningen påpeikte at fleire DPS-einingar har fått redusert kapasitet eller mista døgnfunksjonen. Fagforbundet rapporterer om at tillitsvalde seier at det no skjer ei nedbygging av DPS-ar over heile landet. I Seljord er det no gjort eit vedtak om å leggja ned DPS-en. Det vil bety at kapasiteten for psykosepasientar når det gjeld døgnbehandling, vert redusert med 40 pst. Mitt spørsmål er om Stortinget kan karakterisera dette som ei enkeltsak som ikkje er Stortinget verdig å bry seg om, og at vi berre skal visa til at dette er ei fagleg utvikling som vi skal ha respekt for. I opptrappingsplanen for 2000-talet var det ein politisk visjon om eit desentralisert tilbod. Eg ser ikkje den visjonen no. Eg synest det er veldig, veldig trist at ein skal leggja ned eit fagmiljø i Seljord med over 20 kompetente medarbeidarar og eit unikt tilbod for ei sårbar pasientgruppe i Øvre Telemark med meir. Det synest eg faktisk at Stortinget skulle ha brydd seg om. Eg er glad for fleirtalet vi har fått for det eine forslaget, og forslaga er vel tatt opp frå før.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
