Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 6. jan 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentanten Kjersti Toppe om ein konkret og tidfesta opptrappingsplan for utvikling av distriktspsykiatriske senter (DPS) (Innst. 72 S (2025–2026), jf. Dokument 8:18 S (2025–2026))
Innlegget
Når eg høyrer innlegget til statsråden, slår det meg at det verkar som det er det same for statsråden og regjeringa om det er eit tilbod i eit distriktspsykiatrisk senter i distriktet, eller om det er eit tilbod meir sentralisert i helseføretaket. Det er òg full tillit til at dette er avgjerder som helseføretaket sjølv må gjere – inga politisk innblanding og ingen politiske visjonar om at vi faktisk skal ha eit godt, desentralisert psykisk helsevern med distriktspsykiatriske senter med døgnfunksjonar. I Seljord betyr nedlegging av DPS-et ein reduksjon på 40 pst. i psykoseplassar. Det hjelper ikkje om ein aukar sikkerheitspsykiatrien, for det er faktisk ikkje den same pasientgruppa – såpass mykje forstår òg vi på Stortinget. Spørsmålet mitt er, som Bård Hoksrud òg tok opp: Har statsråden godkjent denne nedlegginga på eit føretaksmøte?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat