Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
13:24] (leiar i komiteen): Oppbygginga av DPS under opptrappingsplanen på byrjinga av 2000-talet var ei politisk satsing på eit desentralisert psykisk helsevern. No ser vi at det skjer ei nedbygging av distriktspsykiatriske senter, og fleirtalet i denne salen karakteriserer det som ei fagleg utvikling som politikarar ikkje har kompetanse til å bry seg med. Det reagerer eg på. Når representanten Dalin seier han har tatt ein telefon til si eiga fagforeining, Legeforeningen, reagerer eg òg, for han kan jo kanskje heller sjå kva dei skriv i høyringa. Der skriv dei at dei i lang tid har meldt si bekymring for nedlegging av døgnplassar i psykisk helsevern og følgjene dette får for dei mest alvorleg psykisk sjuke pasientane. Representanten frå Miljøpartiet Dei Grøne seier han har meir tru på dei polikliniske tenestene. Det har sjølvsagt alle, men Legeforeningen skriv heilt korrekt at spørsmålet er om vi no har nådd eit punkt der det ikkje lenger er fagleg forsvarleg med ytterlegare reduksjon i døgnkapasitet. Når ein no godtar, altså fleirtalet her, at 40 pst. av døgnkapasiteten til psykosepasientar i Telemark vert lagd ned, forstår eg ikkje korleis ein kan la vera å ha nokre overordna føringar for korleis DPS-strukturen i Noreg skal vera. Det er stor støtte til den konkrete, fagleg forankra og tidfesta opptrappingsplanen for DPS og døgnkapasitet i psykisk helsevern, men eg fryktar no, med den siste stemmeforklaringa frå Arbeidarpartiet, at dette ikkje vil handla om DPS, men berre om den totale kapasiteten. Det som var utgangspunktet for heile forslaget, var at vi er bekymra for at DPS-strukturen i Noreg sakte, men sikkert vert lagd ned. Fleire viser til at dei er opptatt av det lokale sjølvstyret. Senterpartiet er opptatt av det lokale sjølvstyret, men ærleg tala: Eit føretaksstyre er ikkje eit lokalt sjølvstyre. Der sit det ikkje folkevalde. Det er bedriftsøkonomiske styre som sit der på nåde frå ein helsestatsråd eller eit overordna føretak og har bedriftsøkonomiske målsetjingar, som er det overordna. Det er ikkje eit lokalt sjølvstyre. Det folkevalde organet som styrer den statlege spesialisthelsetenesta, sit her, og da må òg vi ta ansvar. Når det gjeld mangelen på psykiatrar i Seljord, har føretaket sagt nei til delt stilling. På folkemøtet i Seljord var det nokon frå kommunen som sa: Ja, vi manglar sjukepleiarar på sjukeheimen, men vi legg ikkje ned sjukeheimen for det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
