Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 6. jan 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte i Stortinget tirsdag den 6. januar 2026 kl. 10

Innlegget

I § 30 i helseføretakslova står det at det er visse saker der eit helseføretak ikkje har kompetanse, og det skal avgjerast i eit føretaksmøte, altså av statsråden. Det er saker av vesentleg betydning. Det kan diskuterast, men det står òg at det gjeld saker som vert antatt å ha prinsipielle sider av betyding. Dette er ei slik sak. Når føretak både i Troms og i Telemark vedtar nedlegging av ein politisk vilja struktur, er det vedtak som har prinsipielle sider, og som må forankrast hos statsråden. Så er det ein statsråd sitt privilegium å tolka lova som ein vil, men ut ifrå debatten i dag, er det ikkje nødvendig med eit føretaksmøte, for regjeringa og Arbeidarpartiet har godkjent desse nedleggingane, for dei veit at dei har kunna gripa inn. Sånn er dette styringssettet. Vi har eigentleg fått det svaret allereie.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat