Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. jan 2026

SakMøte i Stortinget tirsdag den 6. januar 2026 kl. 10
Innlegget
Det er vondt å miste noko som har betydd mykje for ein. Vi som kjem frå Distrikts-Noreg, har ei ekte bekymring når vi ser at storsamfunnet tek frå oss noko. Det skal vi ta på alvor, også i denne salen. Samtidig er det viktigare å sjå på korleis vi kan stille dei riktige krava framover og utvikle tilbodet i eit heilskapleg perspektiv, framfor å gå inn og krevje at vi skal ha akkurat det vi har i dag. Vi må sjå heilskapen framfor å gå inn i detaljar vi ikkje har nokon føresetnader for å gå inn i. Det viktigaste er faktisk å ha lokale tenester som ein treng ofte, og då er det dei polikliniske tenestene. Vi i MDG satsar hardt, både i psykiatrien og i resten av somatikken, på å utvikle betre og meir utbreidde polikliniske tenester både i psykiatri og i somatikk. Vi har kjempa gjennom 100 mill. kr ekstra til døgnplassar i psykiatrien, og det skal vi følgje opp, men dei veit best lokalt korleis desse midlane kan brukast. Vi har tru på det lokale sjølvstyret, faktisk. Om eg er rett informert, er Seljord allereie i praksis nedlagd. Det har vore store rekrutteringsutfordringar, og det å prøve å oppretthalda dette no, det er å piske ein død hest, dessverre. Det har også vore lågt belegg, ikkje minst frå dei lokalt. Det er også noko som ein tek i betraktning. Eg har sjølvsagt vore i kontakt med Legeforeininga, mi eiga fagforeining, og dei åtvarar på det sterkaste mot at vi skal gå inn på denne måten, som delar av Stortinget no ønskjer å gjere, i Troms og i Seljord. Ikkje minst i Troms er det ein situasjon kor dei faktisk har ei betydeleg styrking av døgnplassar i psykiatrien, men dei ser det som fagleg nødvendig å samle dette, slik at totalt sett vil det å vedta dette vere ei betydeleg svekking av dei psykiske tenestene i Troms. Vi kjem difor berre til å støtte eitt forslag, og det er det første punktet i komiteens tilråding til vedtak i innstillinga, om «en enhetlig faglig gjennomgang». Vi forstår det slik at dei i kvart lokale helseføretak skal styrkje døgntilbodet i psykiatrien og styrkje det totale tilbodet, men at vi ikkje skal gå inn og detaljstyre frå Stortinget. Vi risikerer å skyte oss i foten og gjere vondt verre for dei som treng det aller mest, for det er nettopp desse dei ønskjer å satse på, ikkje minst i Troms.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat