Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. jan 2026

SakMøte i Stortinget tirsdag den 6. januar 2026 kl. 10
Innlegget
Vi er ikkje på nokon måte fornøgd med at DPS blir lagde ned eller er planlagt lagde ned i Troms, og at det allereie er lagt ned i Seljord – lat det vere heilt klart. Det er smertefullt på alle måtar. Men spørsmålet for oss i stortingssalen er ikkje først og fremst om vi skal seie ja eller nei til dette, men kva som gjev best effekt totalt sett for dei psykisk sjuke, og ikkje minst for dei som treng det mest innanfor psykiatrien – i desse områda og i resten av Noreg. Korleis utnyttar vi knapp kompetanse best? Og kven er til sjuande og sist best til å svare på desse spørsmåla? Er det vi i stortingssalen, eller er det dei som sit i styra og tillitsvalde rundt omkring i landet? Eg har også gjort ein god del research her, som sagt – eg har brukt mange timar på det. Min konklusjon er at det er ikkje klokt å gripe inn i desse sakene. Eg registrerer at ein del parti trur det er svært klokt å styre dette frå Oslo, men utan at det følgjer pengar med, og utan at det følgjer med personell og kompetanse. Det meiner eg er grunnleggjande gale. Eg minner om at det aller viktigaste er dei polikliniske tenestene i DPS, og dei er det ikkje snakk om å leggja ned. Det er dit ein må reise ofte, det er ikkje til døgntenester ein reiser oftast, sjølv om vi også sjølvsagt ønskjer at ein skal kunne tilby det lokalt. Så er vi som sagt ikkje fornøgd med regjeringas arbeid med DPS og rekruttering til psykiatrien. Dette må vi sjå på saman i forbindelse med helsepersonellplanen, og vi må saman i opposisjonen vere vaktarar for at regjeringa faktisk får fart på det arbeidet. Men som sagt: Utan pengar og fagfolk er det uforsvarleg å detaljstyre slik som ein del parti no ønskjer. Vi må tenkje heilt annleis. Vi må sjå heilskapen og sørgje for at ein totalt sett får eit betre helsetilbod for dei psykisk sjuke, ikkje detaljstyre og faktisk gjere det motsette, nemleg øydeleggje det som lokale styre prøver å byggje opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat