Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 8. jan 2026

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Akkurat no står det hundrevis av sogningar ute på plenen framfor Stortinget, og dei har eitt krav. Det er at ein ikkje skal byggja ned Lærdal sjukehus og innhaldet som er på det viktige lokalsjukehuset vårt. Det er eit forslag frå Helse Førde no om å fjerna ortopedi, fjerna moglegheita for operasjonar og å fjerna barseltilbodet på vårt lokalsjukehus. Det er alvorleg. Det er alvorleg for beredskapen, som statsministeren snakka mykje om knytt til sin plan for Noreg, men det blir òg litt holt å høyra om dei fem nye sjukehusa som skal byggjast, viss dei skal byggjast på ruinane av nedlagde lokalsjukehus rundt omkring i landet. Mitt spørsmål til statsministeren er: Kva er hans bodskap til dei som har teke turen frå Sogn her no i dag tidleg, for å kjempa for sitt lokalsjukehus, og som står ute på plenen? Dei er mange. Hadde me vore like mange sogningar inne, hadde me kanskje fått eit fleirtal. Før jul mangla det éi stemme. Eg håpar at statsministeren sitt parti og regjeringa no kanskje kan gripa inn og stoppa den nedlegginga ein ser av Helse Førde.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat