Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kø og kaos og forbod – å gjere det vanskeleg er på ein måte medisinen til dagens regjering og Arbeidarpartiet på alle område. Ein trudde ein skulle få det betre i byen og mindre kaos gjennom å stengje kollektivfelt og vegar osv., men det er vorte stikk motsett. Det er vorte mykje, mykje verre. No skal ein igjen ha forbod og påbod og elsparkesyklane ut av gangfeltet. Då lurar eg på: Vert det færre ulykker eller færre farlege situasjonar om alle dei elsparkesyklane som fer i alle himmelretningar, berre skal vere i vegbanen? Eg vil ikkje ha dei i vegbanen. Eg vil ha dei spreidde sånn som i dag, for då får ein ei fordeling av det. Det er heilt rett, det representanten Hoksrud sa. Det er irriterande for ein kar frå hutiheiti i dag å kome ned til Oslo og stå og prate med politiet og sjå på at både syklistar og elsparkesyklistar fer som villmenn gjennom sentrum. Vi som er bilistar, skal få høgare bøtesatsar, og politiet spring etter oss for alt mogleg, men for dei som kjem på sparkesykkel eller sykkel, er det fritt fram til å gjere akkurat det ein vil. Det er jo det som er problemet. Det er der ulykkene skjer. Det er jo det som skjer. Det vert jo ikkje betre av å putte alt inn i vegbanen, der desse elsparkesyklane er betydeleg mindre rusta til å møte ein bil, for å seie det slik. Eg ser så mykje gale. Eg køyrer bil 1 100 km per veke. Eg ser så mykje galskap på vegane. Dei kjem med kondomdrakt – og som statsråden sa, er det gjerne 50-åringar – og rasar gjennom kryssa i feil retning og på raudt, og politiet står og ser på. Politiet må begynne å gjere jobben sin, og då er det ikkje påbod som skal til. Det er ikkje forbod som skal til. Det er haldningsarbeid og haldningsskapande verksemd som må til, og politiet må begynne å funke – når ein på liv og død skal ha sparkesyklar og syklar i fri dressur i alle byar. Eg må innrømme noko. I dag då eg vakna, såg eg det var masse snø ute, altså i Oslo-forstand – det er jo ikkje mange centimeterane – men det er ikkje berre ulemper med mykje snø. Det er også ein veldig stor fordel. Eg såg ikkje ein einaste sparkesykkel og ikkje ein sykkel heller, så det er ikkje så gale at det snøar litt i ny og ne.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
