Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er noko som heiter å prate mot betre vitende. Det gjorde faktisk representanten Indgaard angåande påstanden om at underteikna ikkje syklar i Oslo. Det har eg faktisk gjort ganske ofte, for i Oslo køyrer eg ikkje bil. Om nokon trur at eg køyrer bil frå Grønnegata til Stortinget, gjer eg ikkje det. Eg går eller syklar. Så det var det ein kallar total skivebom – og det er NM i skyting neste veke i Lillehammer, og eg har skote der, så eg trur eg kan seie det sånn. Alt dreier seg om å sjå verda for det han er, og det prøver eg å gjere; eg prøver å sjå kva som er viktig i forhold til trafikkbildet, både i by og land. Eg er ikkje ueinig med statsråden som seier at reguleringar er viktig i mange samanhengar. Reguleringar er viktig, både på veg og for bil og sykkel, og kva det måtte vere, men det saka gjeld no, er om ei regulering, eit forbod, der ein tek vekk sparkesyklane frå eit litt meir spreidd bruksområde til å putte dei inn berre saman med bilane, er eit tiltak som vil forbetre forholda og gje mindre ulukker. Eg trur ikkje det. Eg trur det stikk motsette vil skje. Det høyrest ut som bilistane er eit problem for Venstre-representanten frå Oslo. Eg har jobba med samferdsel i 30 år i alle samanhengar. Vi har òg byar i Møre og Romsdal, og sjølvsagt er det annleis enn i Oslo. Men bilen er ikkje eit problem. Bilen er ein del av løysinga – i lag med sykkel, gonge og kollektiv. Det er vårt poeng i FrP. Det som er utgangspunktet, er at det heile tida er eit angrep på bilen. Viss eg hadde køyrt i Oslo og berre skulle halde meg til trafikkreglane for å køyre bil, hadde eg kome til å køyre over mange sparkesyklar og syklar, fordi eg gong etter gong måtte stoppe for ikkje «å flate ut» ein trøsykkel eller ein sparkesykkel. Det er det både Bård Hoksrud og eg seier: Reguleringar er greitt, men forbod er ikkje alltid det som gjeld. Ein må inn, og så må ein sørgje for at bilistane, syklistane og sparkesyklistane følgjer regelverket som er i dag, og følgjer dei reguleringane som statsråden snakka om. Det hjelper ikkje å kome med nye reguleringar viss ein ikkje følgjer opp dei reguleringane som allereie eksisterer. Det er det vi meiner. Ein løyser ikkje eit problem med å skape nye problem. Ein løyser ikkje eit problem med å ha endå fleire reguleringar som ikkje blir følgt opp. Å følgje opp dei reguleringane som finst, burde vere statsrådens oppgåve, ikkje å kome med fleire påbod. Det er vårt poeng. Og så er det lurt å sjekke fakta, som Indgaard ikkje hadde gjort, før ein uttalar seg om ting.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
