Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 8. jan 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Elsparkesyklar har på kort tid vorte eit populært transportmiddel. Det gjev fleksibilitet, og det kan redusere bilbruk. Dette er fordelar vi skal ta vare på, men samtidig må vi erkjenne at dagens situasjon skaper store utfordringar for andre trafikantar, spesielt for fotgjengarar. Ulykkesstatistikken er bekymringsfull. Vi ser at køyring og parkering på fortau utgjer ein reell tryggleiksrisiko. Transportøkonomisk institutt har dokumentert at heile 65 pst. av personar med nedsett funksjonsevne føler seg utrygg i møte med elsparkesyklar på fortau. For mange eldre og for folk med bevegelsesutfordringar betyr det at dei unngår å bruke byrommet. Nokre vel til og med å bruke bil framfor å gå. Forslaga vi er ein del av, handlar om å gje kommunane ei tydeleg løyve til å regulere bruk av elsparkesyklar på fortau. I dag finst det moglegheiter, men dei er uklare og lite praktiske. Når statsråden sjølv erkjenner at det ikkje finst eit normert skilt for forbod berre på fortau, og at kommunane ikkje har teke i bruk dagens ordning, viser det at det er eit behov for ei tydelegare regulering. Kommunane må kunne prioritere tryggleiken til fotgjengarane, særleg i sentrumsområde med høgt konfliktnivå. Vi meiner òg at det er rimeleg at kommunane får lov til å krevje betaling frå utleigeaktørar for bruk av offentlege areal – på lik linje med andre næringsaktørar. Til slutt: Aldersgrensa i dag er 12 år. Skadestatistikken viser at mange ungar skadar seg og har lite erfaring som trafikantar. Å vurdere å auke aldersgrensa til 15 år er eit viktig grep for å beskytte ungar og unge folk. Det er ikkje eit angrep på elsparkesykkelen som transportmiddel; det er ein nødvendig balanse mellom fridom og ansvar. Vi ønskjer framleis å ha elsparkesyklar i Noreg, men vi skal sikre at alle kan ferdast trygt på gateplan.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat