Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Til liks med føregåande talar, Helleland, vil eg seie at opprettinga av Gardermobana og Flytoget som ei tilbringarteneste til hovudflyplassen vår var eit godt og klokt grep i si tid. Mellom opninga i 1998 og dei 27 åra som har gått sidan den gong, har trafikken auka kraftig. Flytoget har levert eit godt tilbod som er føreseieleg for dei reisande, og med dyktige tilsette som har bygd eit godt varemerke. Kapasiteten i Oslotunnelen, den viktigaste tunnelen gjennom Oslo-navet, har vore sprengd sidan 2007. Antalet reisande med tog har sidan den gong auka kraftig. Statistisk sentralbyrå har statistikk som går tilbake til 2012. Antalet reisande på intercity mellom Oslo og Lillehammer har dobla seg sidan den gong, frå 2,5 millionar reisande til 6 millionar reisande i 2024. Mellom Oslo og Skien er det meir enn ei dobling, frå 3,3 millionar til 8,3 millionar reisande. Flytoget har i samme periode gått frå 6 millionar ned til 5,5 millionar reisande. Det er Stortingets jobb å prioritere ressursar på ein måte som kjem alle i heile landet til gode. Vi må sjå på kva som gjev best utnytting av den samla jernbanekapasiteten, både på kort og på lang sikt. Då kan vi ikkje bruke kapasiteten på ei eksklusiv tilbringarteneste gjennom Oslotunnelen som køyrer med halvfulle tog. I dag ligg det føre eit forslag om toetasjes tog for å bevare Flytoget. Vi har òg høyrt om ny tunnel under Oslo, eit prosjekt med eit foreløpig anslag på 60–100 mrd. kr. Det er utan eit fullstendig avgjerdsgrunnlag. Senterpartiet meiner desse alternativa er urealistiske og uforsvarleg dyre. Senterpartiet meiner difor at den beste løysinga for pendlarane på Austlandet på både kort og lang sikt er å frigjere kapasiteten til Flytoget. På lengre sikt må Bane NOR få ressursane dei treng for å byggje ut ERTMS på ein forsvarleg måte, som vil føre til meir punktlegheit. Bane NOR, Vy og Flytoget jobbar med å leggje til rette for ein historisk kapasitetauke for reisande i Oslo-området og bør no få arbeidsro. 2028 kjem fort.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
