Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 8. jan 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Når vi krev inn bompengar, må folk kunne oppleve at pengane dei betaler inn, faktisk går til betre vegar. E39 Mandal–Kristiansand har dessverre vorte eit eksempel på at utbyggingsmodellane til Nye vegar har svakheiter. Vi ser at mange vel den gamle vegen framfor den nye. Det svekkjer både trafikktryggleiken og samfunnsnytten. Difor meiner vi det er heilt nødvendig å finne løysingar som gjer at fleire vel den nye vegen. Først må eg minne om at bompengefinansieringa av E39 Mandal–Kristiansand vart føreslått og Framstegspartiet sin eigen dåverande samferdselsminister, Ketil Solvik-Olsen, og fekk støtte i komiteen, der Framstegspartiet sjølv hadde saksordføraren. Det er altså FrP som har lagt grunnlaget for bompengebelastninga som er i dag. Det er det viktig å ha med seg når vi no diskuterer kven som har ansvaret for situasjonen. Problemstillinga i Agder er ikkje unik. Fleire plassar i landet betalar folk for vegar som ikkje er ferdige, eller som har vorte så dyre at folk vel ikkje å bruke dei. Senterpartiet føreslår difor ei generell opning for 30 års innkrevjingstid på bompengeprosjekt der det er lokalpolitisk tilslutning. Det ville redusere kostnadene per bilist, auke trafikkgrunnlaget og bidra til at inntektene kjem nærmare det som opphavleg vart føresett. Forslaget vårt gjev meir fleksibilitet i heile landet, ikkje berre i Agder. Forslaget vårt ser dessverre ikkje ut til å få fleirtal her i dag, og eg varslar difor subsidiær støtte frå Senterpartiet til forslaget frå Høgre. Sjølv om det er Framstegspartiet som har sett befolkninga i Agder i den situasjonen, er det regjeringa sitt ansvar å løyse dagens utfordringar så raskt som mogleg. Difor støttar me òg subsidiært forslag nr. 6, frå FrP. Eg håpar at Stortinget kan huske at dette er det andre bompengeprosjektet på kort tid som vi må rydde opp i etter Framstegspartiet. Det er økonomien og kvardagen til folk vi snakkar om. Senterpartiets står for ei ansvarleg linje. Vi vil sikre føreseielegheit, men òg fleksibilitet der det trengst. Vi vil ha løysingar som gjer at folk faktisk brukar vegane vi byggjer, og håpar at Stortinget kan sende marsjordre til regjeringa om å finne løysingar for innbyggjarane og næringslivet i Agder. Eg tek dermed opp forslaget Senterpartiet er med på i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat