Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 8. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 8. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Me har denne debatten i ei verd som har vorte farlegare. Senterpartiet meiner at me i ein sånn situasjon må gjera det me kan for å byggja opp vår nasjonale matberedskap og sikra at me får auka norsk matproduksjon. Når ein ser på Framstegspartiets politikk, handlar han om å kutta hundretusenvis av kroner i statleg støtte til landets matprodusentar – mest til dei som produserer mest. I tillegg vil Framstegspartiet kutta grensevernet for norsk mat. Det vil gjera at matprodusentane våre får dårlegare betalt. I sum vil dette svekkja den norske matberedskapen. Eg nærmast berre lurer på kvifor Framstegspartiet synest det er ein god idé å byggja norsk matberedskap på auka import av mat.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat