Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 5 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. jan 2026

Aleksander Øren Heen
Aleksander Øren Heen
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 13. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Senterpartiet vil ha ein meir praktisk skule der me alle kan lukkast. Det betyr mindre skjerm, mindre stillesitjing og mindre teori, men forhåpentlegvis gjev det meir praktisk læring, meistring og trivsel. Som handverkar og arbeidsgjevar har ein vel erfart at det er få som har klart å lesa seg til å bli ein god snikkar, men eg trur veldig mange snikkarar har klart å bli gode i både matte og naturfag fordi ein anvender kunnskapen til praktisk arbeid. Det er mange vegar fram til målet, til å tileigna seg kunnskap og det å kunna bruka kunnskap på ein fornuftig måte som kan sikra både inntekt og framtid for den enkelte. Forslagsstillarane har som mål å få meir læring, men me veit kva konsekvensane av ein teoritung skuledag er. Det blir ein skule der nokon lukkast, men altfor mange mistar både motivasjon og lærelyst. Ein ønskjer ei rekkje tiltak retta mot elevar i norsk skule, men ein viser òg til at ein skal ha fleire kartleggingsprøvar og meir teori tidleg i skuleløpet. Dette meiner me er feil medisin for elevane våre. Evalueringa av seksårsreforma viser òg tydeleg at dei yngste elevane treng meir frileik og mindre stillesitjing. Me vil ikkje ha eit testregime som møter seksåringar kort tid etter overgangen frå barnehage til skule. Kartleggingsprøvane på 1. trinn har vore kritiserte for å kartleggja ferdigheiter elevar fyrst skal ha etter 2. trinn. Me meiner at ressursane heller bør brukast til å styrkja laget rundt elevane, og til å gje lærarane betre tid til å følgja opp den enkelte. Forslaget som blir fremja, vil binda opp ressursar og auka styringstrykket, utan at det nødvendigvis gjev meir læring for eleven. Me ønskjer ein skule der elevane får bruka hendene, samarbeida og læra gjennom praktiske aktivitetar. Eg er sikker på at det gjev meir motivasjon og meistring for fleire. Senterpartiet deler engasjementet for læring, men me meiner vegen til betre resultat går gjennom meir praktisk og variert skule, ikkje meir testing og teori for dei yngste. Me kjem difor ikkje til å støtta nokon av forslaga som ligg i denne saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat