Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. jan 2026

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 13. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Takk til komiteen og saksordføraren for samarbeidet i komiteen. La meg begynne med å seie at skulefritidsordninga er eit heilt sentralt tilbod for barn og familiar. SFO er ein arena for leik, læring og fellesskap. Det er ein plass der ungane blir sette, dei blir trygge, og dei får moglegheit til å utvikle seg. For familien er eit godt SFO-tilbod heilt avgjerande for at kvardagen skal gå opp. Det gjer det mogleg for foreldra å stå i arbeid og kunne bidra til fellesskapet. Me har sett betydninga av dette, og me har samtidig sett høgresida nedprioritere tilbodet i mange år, der ein gjerne vil la låg pris og økonomi avgjere kva for ungar som får moglegheita til å delta i SFO. Me i Arbeidarpartiet og på venstresida i denne salen seier heilt klart: Ungane skal ha tilgang til leik, læring og fellesskap etter skuletid, og det skal ikkje avgjerast av lommeboka til dei heime. Difor har me saman med Senterpartiet og SV sørgja for 12 timar gratis SFO for alle elevar på 1.–3. trinn som har tilbod om SFO. No lovfestar me retten fordi me vil at han skal gjelde overalt, uansett kor ein bur. SFO er meir enn eit velferdstilbod. Det motverkar forskjellar og gjev fleire ungar moglegheit til å delta i leik og fellesskap. Der partia på borgarleg side ofte ser vekk ifrå det, ser me i Arbeidarpartiet og på venstresida moglegheitene for ungane og for familiane, og det gjeld å handle. Debatten stopper ikkje berre med tilgang. Kvaliteten høyrer òg til i debatten. Ungane skal møtast av trygge vaksne, dei skal ha meiningsfulle aktivitetar og gode rammer. Det handlar om å byggje fellesskap, redusere forskjellar og sikre at alle ungane får ein trygg og god kvardag – òg etter skuletid. Difor sørgjer me for retten til gratis SFO. Eg er difor stolt over at me no lovfestar retten til 12 timar gratis SFO. Det gjer me fordi me vil fortsetje å styrkje både tilbodet og kvaliteten i skulefritidsordninga. Me meiner det er til det beste for ungane, for familiane og for fellesskapet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat