Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
På vegner av saksordførar Julia Eikeland vil eg takke komiteen for samarbeidet i saka og vil òg takke forslagsstillarane for å løfte debatten om korleis vi skal styrkje ferdigheitene til elevane. Lat meg ta Arbeidarpartiet sitt syn i saka og starte med at grunnleggjande ferdigheiter er heilt avgjerande for læring, utvikling og deltaking, både i skulen og seinare i samfunnet. Difor må skulen støtte utviklinga av desse ferdigheitene i alle fag gjennom heile opplæringsløpet. For Arbeidarpartiet er dette eit spørsmål om kva fellesskapsskulen skal vere, og kva for like moglegheiter dei skal få. Alle barn skal få eit godt grunnlag for å meistre skule, arbeid og livet vidare. Difor må eg understreke at det allereie er sett i gang omfattande og langsiktig arbeid for å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane. Regjeringa har lansert leselyststrategien Sammen om lesing for perioden 2024 til 2030. Dette er eitt døme på store og målretta satsingar med betydelege middel for å styrkje leseferdigheita og skape meir leselyst blant barn og unge. I tillegg er det sett i gang arbeid med nye og betre verktøy for å kartleggje, for å styrkje innkjøpskompetansen hos skuleeigarane og betre balansen mellom digitale og trykte læremiddel. Vi må vere ærlege om at det tidlegare har vore ei massiv, ukritisk digitalisering i skulen som har gått føre seg for lenge. Difor tar vi dei fysiske lærebøkene tilbake igjen i klasseromma, noko eg meiner er heilt riktig å gjere. Samla sett viser dette at regjeringa allereie jobbar systematisk for å styrkje kvaliteten i skulen og dei grunnleggjande ferdigheitene. Og når så mykje arbeid allereie er i gang, meiner eg at forslaga som fremjast i dag, i liten grad eigentleg tilfører noko nytt. For ein god skule handlar først og fremst om menneska som er der, ikkje om fleire testar for testane si skuld. Det handlar om å ha nok lærarar i klasserommet, om å styrkje laget rundt elevane slik at fleire blir sett tidlegare og får den hjelpa dei treng. Vi må ha ein skule som gir tryggleik, meistring og framtidstru, ein skule der lærarane har tillit og handlingsrom, og der fellesskapet stiller opp når elevane treng ekstra støtte. Målet deler vi nok alle, usemja handlar om vegen dit. I Arbeidarpartiet meiner vi løysinga ligg i å byggje vidare på tiltak som allereie fungerer, i staden for å finne på nye pålegg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
