Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Når det gjeld den handelspolitiske utgreiinga me fekk, er det for så vidt vanskeleg å vera ueinig i veldig mykje av det som vart sagt der. Senterpartiet er likevel litt skuffa over utgreiinga og regjeringa sine ambisjonar og perspektiv på handel. Det var ei defensiv og observerande utgreiing med få offensive punkt og små ambisjonar. Så seier denne utgreiinga litt om kva Arbeidarpartiet ser når dei kikkar utover landets grenser. I utgreiinga var EU nemnt omlag 50 gonger, mens vår viktigaste handelspartnar Storbritannia var nemnt i ei oppramsing 1 gong. Slik ser verda ut frå regjeringssida. Eg hadde ønskt at næringsministeren hadde hatt nokre refleksjonar rundt den strategien regjeringa har, med ukritisk å innføra flest mogleg EU-direktiv. Har det gjeve dei ønskte gjennomslaga i handelspolitikk? Saka med ferrolegering kan tyda på at det ikkje beinveges var ein stor suksess. Eg vil gje næringsministeren ros for ikkje å koma med dei vanlege truslane om at EØS-avtalen er i spel. Men på den andre sida kan det verka som om næringsministeren trur at handel mellom Noreg og Europa var noko som oppstod då EØS-avtalen trådde i kraft 1. januar 1994. Næringsministeren seier i si utgreiing at EØS-avtalen har bidrege med ein auke i handelen med EU på 35 pst.–65 pst. Eg har lyst å dvelja litt ved det talet, ikkje for å reisa ein EØS-debatt, men berre for å gå inn på dette. Er det slik at næringsministeren trur at handelen med olje og gass ville ha vore 35 pst.–65 pst. mindre viss me ikkje hadde EØS-avtalen? Er det slik at næringsministeren trur at handelen med aluminium ville ha vore 35 pst.–65 pst. mindre viss me ikkje hadde EØS-avtalen? Er det slik at næringsministeren trur me ville ha selt 35 pst.–65 pst. mindre laks til EU i dag enn det me gjer, viss det ikkje var for EØS-avtalen? Er det slik at næringsministeren trur det ville ha vore 35 pst.–65 pst. mindre europeiske turistar i Noreg om det ikkje var for EØS-avtalen? Me kan godt diskutera EØS, men propaganda bør ein ikkje koma med. Dette er tal som næringsministeren overhovudet ikkje har nokon som helst dekning for å koma med, og eg kunne godt tenkt meg å høyra hennar grunngjeving for å påstå i utgreiinga at Næringsdepartementet har tal som seier at handelen mellom EU og Noreg ville ha vore 35 pst.–65 pst. mindre om det ikkje var for EØS-avtalen. Handel føreset at me har noko å handla med. Det skjer mykje bra i norsk næringsliv, men som ein del av handelspolitikken må òg ein offensiv næringspolitikk nasjonalt vera ein viktig del, for me treng noko å handla med. Då har eg lyst til å peika på dei som har lyst til å laga eksportvarer ved Hønefoss gjennom utvikling av treindustri, og som opplever ei regjering som ikkje svarar dei. Eg har lyst til å peika på Norske Skog som vert straffa økonomisk, for dei har kutta for mykje i utsleppa sine. Eg har lyst til å peika på bedriftene på Sør- og Vestlandet som slit med svært høge straumprisar. Det er òg ein del av dette. I utgreiinga saknar eg òg nokre vurderingar rundt vekstkraft i Europa, framtidig vekst der. Kva utvikling ser ein for seg med den strategien som EU har lagt seg på? Det er definitivt mange mørke skyer i horisonten, men når Arbeidarpartiet ser til EU, ser dei ingen mørke skyer. Noreg er eit land med få tollmurar. Me har, som dei fleste andre land, offensive og defensive interesser. Eg vil gje ros for dei frihandelsavtalane som er inngåtte dei siste åra. Dei balanserer dette godt. Så oppsummert er EU ein viktig handelspartnar for Noreg, men Europa er meir enn EU, og verda er meir enn EU. Det er ikkje sikkert at norske interesser er tent med strategien der ein rått svelgjer unna EU-direktiv utan å ivareta nasjonale interesser. Handelen føreset ein nasjonal næringspolitikk, og der må næringsministeren vera ein pådrivar og ikkje overlata til klimaministeren å vera næringsminister – viss med flyttar bedrifter ut av landet, ja, då går utsleppa i Noreg ned, men det er ein svært dårleg strategi, meiner Senterpartiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat