Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg registrerer at næringsministeren ikkje gav noko svar på kor påstanden om at handelen vår ville vore 35–65 pst. lågare om det ikkje var for EØS-avtalen kjem frå. Grunnen til at det var ein relevant ting å ta opp, er at det vil seia noko om kva regjeringa tenkjer om framtidig handel med land me berre har ein handelsavtale med, som f.eks. Storbritannia. Som sagt: Eg trur næringsministeren brukar eit tal ho ikkje har dekning for å bruka. Det er heller ikkje nokon kjeldereferanse i talen til næringsministeren. Så til ei sak som er meir til å grina av, den såkalla lauksaka. Det var ikkje ei sak me ønskte å få opp i dag. Me veit enno ikkje kva Arbeidarpartiet kjem til å stemma. Me som er budsjettpartnarar, har heller ikkje høyrt noko om nye satsingar inn i revidert budsjett frå Arbeidarpartiet, så eg vil anta at Arbeidarpartiet ikkje støttar dette forslaget, men det hadde vore ryddig med ei avklaring frå komitéleiar på det. Dette handlar eigentleg litt om handel òg, for me i Senterpartiet er iallfall opptekne av at me innanfor handelsregimet skal sørgja for nasjonal matberedskap. I denne saka har det kome rykte om at dei har kremta i Brussel, og då får regjeringa panikk. Er det éin ting som er viktig for Arbeidarpartiet, er det å verta godt likt i Brussel. Eg tenkjer at det òg er viktig å stå opp for norske interesser og ha respekt for dei som er matprodusentar i Noreg – at me kunne gje dei den føreseielegheita som ligg i stortingsvedtaket, med ei utsetjing av innføring av dette direktivet. I går fremja Senterpartiet forslag om ei kompensasjonsordning for dei bøndene det vedkjem. Det ville ha løyst denne saka på ein god måte. No legg Høgre og MDG opp til at dette skal løysast på ein måte som er dårleg for dei som er matprodusentar, for dei som har teke avgjerder basert på det vedtaket Stortinget gjorde. Sånn kan faktisk ikkje Stortinget halda på, så eg reknar med at Arbeidarpartiet ikkje støttar denne måten å driva nasjonal næringspolitikk på. Næringsministeren sa i sitt innlegg her at regjeringa var oppteken av å jobba for norske interesser òg i dei sakene som tente Noreg, og tilnærma seg EU også i dei sakene som tener Noreg. Er ein oppteken av å nærma seg EU òg i dei sakene som ikkje tener Noreg, eller tenkjer ein det då er relevant å stå opp for norske interesser? Eg trur nokre månaders utsetjing av eit direktiv og å få på plass ei kompensasjonsordning ville tent norske interesser. Det ville gjort at me hadde eit avklart og greitt forhold til Brussel, og at me faktisk er villig til å stå opp for norske interesser.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
