Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Min korte merknad går til næringsministeren sin bruk av fakta i denne diskusjonen. Det vert vist til ein auke i handelen som følgje av EØS-avtalen på 35–65 pst. Det finst i ein rapport som me sjølvsagt har. Han er bestilt av NHO, betalt av NHO og utarbeidd med nyttige innspel og kommentarar frå NHO undervegs. Det har ikkje næringsministeren sagt noko til Stortinget om. Me veit mykje fint om NHO, men NHO er faktisk den største organisasjonen som jobbar for norsk EU-medlemskap. Det står òg i rapporten at desse tala gjeld med nødvendige atterhald. Dette er atterhald som næringsministeren har valt å sjå glatt vekk frå. Me kan òg lesa i rapporten at viss Noreg hadde vorte EU-medlem i 1995, ville det vore 6 pst. høgare produktivitet i Noreg. Kvar enkelt får ta stilling til kven ein trur på, men eg vil anbefala næringsministeren i framtida ikkje å bruka slike tal for å mala eit glansbilde av EU.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat