Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil starta med å takka saksordføraren for den jobben han har gjort, for det har vore ein god jobb, og me har fått eit godt resultat. Eg sluttar meg til veldig mange av dei vurderingane saksordføraren gjorde i sitt innlegg. Senterpartiet gjekk inn i denne diskusjonen med to mål. Me ønskte eit høgare innslagspunkt for lova enn det regjeringa hadde lagt opp til, og me ville ha inn sikkerheit og beredskap som ein del av føremålsbestemminga. Det var våre klare forventingar då me hadde dialog med andre parti. Difor er me veldige glade for at me har klart å auka innslagspunktet frå ikkje berre dei 300 000 kr regjeringa føreslo, men opp til 500 000 kr. Det er viktig å seia at Senterpartiet òg kunne ha vore med på ei grense på 750 000 kr, men som de ser i innstillinga, er ikkje Høgre og FrP villige til å ta inn sikkerheit og beredskap i føremålsbestemminga. Det var viktig for Senterpartiet å få inn det. Det gjer at lova i tydelegare grad svarar på dei utfordringane me står oppi. Ho svarar betre på den sikkerheitspolitiske situasjonen me er i. For meg er det litt underleg at Høgre og FrP hadde så intens motstand mot å ta inn sikkerheit og beredskap at ein ikkje kunne vera med på det og sikra eit breiare fleirtal bak det. Eg trur ei beredskapsorientert føremålsbestemming og ei grense på 500 000 kr er eit veldig godt utgangspunkt. Eg trur heller ikkje ein er i mål med arbeidet med forenkling av offentlege anskaffingar. Når ein ser på dei forslaga som vert stemte ned i dag, er det veldig mange som har gode intensjonar, men vil dei gjera det enklare? Nei, dei vil jo ikkje det. Difor er det litt sånn at me kunne ha vore med på forslaget frå Høgre og FrP om auka konkurranse under innslagspunktet, men var ikkje tanken å gjera det enklare? Me har forslag nr. 6, frå Høgre og FrP, som seier at ein skal leggja inn vurderingar av korleis ein får mest mogleg ut av kvar krone på klima- og miljøkrav. Ja, det er veldig fornuftig, men då legg ein frå Stortingets side inn eit nytt vurderingskriterium, som vil gjera at ein må gjera desse vurderingane kvar einaste gong ein gjer ei offentleg anskaffing. Forslaga frå dei andre partia har gode intensjonar, men vil føra til meir byråkrati. Kva tenkjer me dette gjev av moglegheiter? Eg veit at veldig mange kommunar f.eks. er opptekne av at ein skal kjøpa mat til institusjonar, barnehagar, skular, kantiner, og dei er opptekne av å tenkja beredskap. Viss ein skal ha mat i krise eller krig, må ein gjera det når det ikkje er krise eller krig òg. Det er heile tanken bak at me ønskjer å løfta sikkerheit og beredskap så høgt opp i lova, nemleg at ein i mykje større grad enn i dag skal kunna ta denne typen omsyn. Eg trur det er eit veldig stort engasjement rundt om i offentleg sektor og i kommunane til å gjera nettopp det. No gjev me moglegheit til det. Eg er glad for den lova me vedtek i dag. Det er eit stort steg framover, og så må me passa på at me i dei komande månadane og åra ikkje fell for freistinga og vedtek gode intensjonar som gjer at den forenklinga som skjer no, rykkjer tilbake til start.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat