Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Lov om endringer i anskaffelsesloven (samfunnshensyn mv.) (Innst. 38 L (2025–2026), jf. Prop. 147 L (2024–2025))

Innlegget

Innovative anskaffingar er viktig. Ein sentral del av dette har vore det såkalla leverandørutviklingsprogrammet, som er eit partnarskap mellom KS, NHO og statlege etatar. Regjeringa føreslo store kutt i dette i statsbudsjettet, og dette var òg tema i budsjettforhandlingane, der Senterpartiet fekk gjennomslag for viktige merknadar. No veit me at usikkerheita rundt leverandørutviklingsprogrammet gjer at tilsette er i ferd med å slutta, og heile denne satsinga står eigentleg på spel. Då er mitt spørsmål: Kan statsråden bekrefta at regjeringa arbeider ut frå intensjonen om i størst mogleg grad å vidareføra det gode arbeidet i leverandørutviklingsprogrammet, og at ei avklaring om dette kjem innan kort tid?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat