Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Som bakteppe for denne diskusjonen tenkjer eg det er viktig å ta med seg at jordbruket faktisk er ei av dei næringane som har kutta utslepp. Det er verd å ta med seg at jordbruket er heilt avgjerande for vår matberedskap, og at me står i ein ny sikkerheitspolitisk situasjon. Same kva som står i rapporten, er det viktig for Senterpartiet å slå fast to ting. Det eine er at klimaarbeidet i jordbruket skal målast i utslepp per produsert eining. Det vil seia at det ikkje er ei god løysing å auka importen av mat for å få ned utsleppa i Noreg. Det andre er at ein skal ha ein jordbrukspolitikk som leverer den maten folk i Noreg faktisk et, ikkje den maten nokre byråkratar i eit direktorat meiner at folk burde ha ete. Ein skal gå inn på det folk faktisk et. Det er viktig at ein har fått på plass ei lov om matsvinn. Matsvinn er ein plass det er mogleg å gjera noko. Eg vil òg framheva at når me snakkar om klima, vert det å pumpa opp og tenna fyr på olje, kol og gass på den eine sida, og dei biologiske prosessane og det biologiske kretsløpet jordbruket er ein del av, for ofte jamstilt. Det skil seg òg. Eg undrar meg litt når eg les i innstillinga at FrP og Høgre har ein eigen merknad der dei er opptekne av ting som har klimaeffekt med ein gong, og peiker då på reduksjon av matsvinn – ja, det er fint – men òg endringar i forbruksmønsteret. Me ser at det i rapporten er beskrive at viss alle følgjer dei nye kostråda frå 2024, er det berekna at antal årsverk i landbruket vil verta redusert med meir enn 13 000 årsverk innan 2035, og at jordbruksarealet vil verta redusert med 2,9 millionar dekar. Det betyr ingenting anna enn at matberedskapen i Noreg vert svekt. Dette er ein politikk Høgre og FrP gjerne må løfta opp, men Senterpartiet er ikkje med på ein sånn politikk. Me ønskjer å auka norsk matproduksjon, og me ønskjer å få ned utsleppa i landbruket – ikkje med å flytta produksjonen ut av landet, men med meir effektiv drift, utvikling av betre fôringsteknologi, driftsopplegg, bruk av beite osv. Her er det målkonfliktar. Eg trur dei må løysast i dialog med jordbruket og i jordbruksforhandlingane. Det peiker òg eit fleirtal på i innstillinga. Det er det som er det viktigaste for Senterpartiet at kjem ut av denne diskusjonen. Me er ueinige i at ein på ein måte skal ha statlege føresetnadar for forbruksmønster som då skal bidra til utslepp. Me må forhalda oss til den handlekorga folk har, og at i eit liberalt samfunn bestemmer folk sjølve kva dei vel å handla. Det er det politikken må ta omsyn til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat