Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

La meg starta med å unnskylda presidenten litt, for eg trykte nok først på innlegg når eg meinte replikk, men no vart dette ordna opp i. Eg vil inn litt på det som står i rapporten om kosthaldsråda. Då Senterpartiet sat i regjering saman med Arbeidarpartiet og kosthaldsråda kom i 2024, var det veldig viktig at dette skulle vera basert på kosthald og helse, og at klima- og miljøomsyn ikkje skulle inngå som ein del av råda. Det trur eg er veldig fornuftig, særleg når ein veit kor viktig det er å styrkja matberedskapen i Noreg. Eg har eigentleg berre lyst til å forsikra meg om at det er beredskap og landbruk i heile landet som framleis ligg til grunn for landbrukspolitikken til regjeringa – at kosthaldsråda framleis er baserte på helse og ikkje er eit verkemiddel for klima og miljø i jordbruket.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat