Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er glad for svaret, at det vart sagt at jordbruket skal produsera det som forbrukarane etterspør. Det er for så vidt heile kjernen: at ein ikkje byggjer opp ein landbrukspolitikk der ein trur at etterspørselen blir bestemt av produksjonen, det er meir produksjonen som er tilpassa etterspørselen. Det er eg glad for at statsråden bekreftar. Denne rapporten har som hovudår sett på politikken for 2016 til 2024. No er vi i 2026, og det må seiast at den sikkerheitspolitiske situasjonen er kraftig endra. For Senterpartiet er det – og det har det òg vore, og er framleis, for Stortinget – sånn at klima skal målast på utslepp per produsert eining. Er statsråden einig i at det er det beste målet på om norsk landbruk klarar å kutta utslepp?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
