Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

10:57] (ordfører for saken): Eg hadde håpt å få halda denne saksordførarutgreiinga for full sal, men det ser ut som at mange hadde andre planar. Saken gjeld Dokument 3:14 for 2024–2025, Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med samanhengande digitale tenester. Eg har lyst å starta med å takka Riksrevisjonen for rapporten og vil visa til rapporten og komiteen si innstilling til han. Tanken bak digitalisering av offentleg sektor er eigentleg veldig enkel: Det skal vera lettare å vera menneske i møte med det offentlege. Når livet er vanskeleg, om ein har eit alvorleg sjukt barn, mistar jobben eller opplever dødsfall i familien, skal det ikkje vera systema som gjer alt tyngre. Då trenger folk at det offentlege heng saman. Difor er det alvorleg når Riksrevisjonen slår fast at arbeidet med samanhengande digitale tenester i liten grad har gjeve reelle forbetringar for brukarane. Komiteen sluttar seg til denne vurderinga. Trass i mange år med satsing ser me for lite igjen ute hos folk. Det handlar ikkje om manglande vilje til digitalisering. Det handlar om at det offentlege framleis er for oppdelt. Regelverk, budsjett og ansvar stoppar ofte ved sektorgrensene, mens livet til folk ikkje stopper ved sektorgrensene. Komiteen har peikt på at sektorprinsippet ikkje må verta ei hindring for gode tverrgåande tenester. Det er eit viktig poeng. Innbyggjarane møter ikkje sektorar, dei møter staten – ein plass, ein gong, i ein krevjande situasjon. Me merkar oss tilbakemeldinga frå regjeringa, der det bl.a. vert peikt på at det er etablert eit digitaliserings- og forvaltningsdepartement for å styrkja samordninga. Det gjev moglegheiter, men då må det verta levert betre i praksis, slik at løysingane faktisk vert tekne i bruk og varer over tid, slik at folk merkar ei endring. Dette handlar til sjuande og sist om tillit – tillit til at det offentlege ser heile mennesket, ikkje berre ein del av saken din. Me skuldar folk å ha system som heng betre saman når livet røyner på og i andre vanskelege fasar. Komiteen støttar vurderingane og anbefalingane frå Riksrevisjonen. Det er ein konklusjon om at det ikkje er tilstrekkeleg. Det reknar eg med at regjeringa har merkt seg, og at det vil verta følgt opp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat