Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

18:23] (ordførar for saka): Saka gjeld Riksrevisjonens rapport 3:16 for 2024–2025, «Riksrevisjonens undersøkelse av oppfølging av forbruk gjennom rammeavtalen for formidling av IKT-konsulenttjenester inngått av DSS i 2022». Det vert vist til rapporten og til innstillinga frå komiteen. Målet med undersøkinga er å kontrollera om Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon, DSS, har følgt opp forbruket gjennom rammeavtalen for formidling av IKT-konsulenttenester. Avtalen vart inngått 12. april 2022 og hadde ei ramme på 600 mill. kr. Riksrevisjonens undersøking omfattar perioden frå april 2022 til mai 2025. Faktuma i saka er beskrivne i innstillinga og vil ikkje verta gjevne att i dette innlegget. Riksrevisjonens undersøking har følgjande hovudfunn: Det er gjort avrop eller kjøp for 187 mill. kr utover den maksimale verdien i avtalen. Som avtaleeigar har ikkje DSS følgt opp at det totale forbruket gjennom rammeavtalen overheld maksimal verdi. Fleire av brukarane fortsette med å gjera avrop eller kjøp på rammeavtalen etter at dei fekk beskjed om at vidare avrop eller kjøp kan vera i strid med anskaffingsregelverket. Riksrevisjonens overordna vurdering er at dette er «ikke tilfredsstillende». Kritikken går både på manglande oppfølging av avtalen frå DSS’ side og at fleire aktørar, irekna fleire departement, fortsette med å kjøpa på avtalen etter at han var overskriden. For å gjera ei lang og kostbar historie kort vil eg referera den avsluttande merknaden frå komiteen: «Komiteen stiller seg bak Riksrevisjonens vurderinger, konklusjoner, og anbefalinger og imøteser at ansvarlige departementer følger opp funnene for å sikre at fremtidige fellesavtaler forvaltes i tråd med regelverket.»

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat