Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 29. jan 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakDebatt om næringsministerens handelspolitiske redegjørelse (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 27. januar 2026)

Innlegget

Me må produsera for å kunna eksportera, og då helst noko meir enn berre uforedla råvarer. Det har vore mykje snakk om jernlegeringar og annan metallindustri i det siste. Problemet er òg at produksjonen no er utfordra av at Noreg kopierer EU sin dårlege energipolitikk og importerer høge straumprisar, noko som effektivt undergrev det eine prismessige konkurransefortrinnet norsk industri har hatt. Regjeringa vel òg å skusla vekk moglegheita til å produsera langtrekkande presisjonseld i Noreg og vel å støtta sørkoreansk industri i staden. Så spørsmålet mitt er: Kva er regjeringa sin strategi for å styrkja norsk industriproduksjon, sånn at me har noko å eksportera òg i framtida?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat