Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Rett før jul tok Stortinget ansvar for å redda norsk laukproduksjon og utsetja innføring av eit EU-direktiv som er dårleg tilpassa norske forhold. Tanken med det var nettopp at laukprodusentane og norsk matberedskap og -produksjon trengte i det minste meir tid til å omstilla seg før ein eventuelt innfører dette direktivet. I dag ser me at to av partia, MDG og Høgre, som stod samen med oss før jul, plutseleg har snudd og vil hasta gjennom dette direktivet likevel. Me høyrer at EU blei irritert over utsetjinga som blei meldt inn før jul. Spørsmålet mitt til desse to partia er rett og slett: Er det det som er grunnen til at dei no skal snu og gjera ei skikkeleg kuvending? Er det slik at me skal blunka med ein gong EU ser strengt på oss og skunda oss å gjera slik som EU vil? No er det ikkje sikkert kva som får fleirtal her i dag. Arbeidarpartiet har ikkje sagt kva dei har tenkt å røysta i denne saka. Eg legg til grunn at regjeringa er med og tek ansvar for norsk laukproduksjon og ikkje lèt seg stressa av at EU av og til er misfornøgde med oss. Dette er ei sak som me må behandla med klokskap og med is i magen. Det håper eg stortingsfleirtalet gjer i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
