Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg registrerer at det no er fleirtal for å snu og hasteinnføra dette direktivet. Det beklagar eg veldig sterkt overfor dei laukprodusentane som no blir ramma av dette. Eg merkar meg òg at enkelte har justert talepunkta sine og no snakkar om andre matvarer enn lauk – at det er grunngjevinga for å innføra dette – og at dei no har lagt vekk skremselspropagandaen om at det er farleg å eta norsk lauk. Det er viktig at det blir gjenteke her frå denne talarstolen, for er det noko som undergrev tilliten til norsk mat, er det den typen utsegner som me har fått høyra tidlegare. Det som er uklart no, er kva det er som faktisk kjem til å skje. Kva slags hjelp kan laukprodusentane forventa seg? Det er ingen som kan overleva på vurdering av tiltak, og eg vil oppmoda matministeren til å avklara om han kan garantera at laukprodusentane får avhjelpande tiltak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat