Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 29. jan 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 29. januar 2026 kl. 10

Innlegget

Eg vil takka komiteen for eit konstruktivt og godt samarbeid, der me i mange spørsmål no går saman om ei betydeleg forenkling av anskaffingslovverket, som SV stiller seg bak. Det er ei fornuftig forenkling, der kommunane og andre offentlege innkjøparar kan bruka mindre ressursar på særleg dei små innkjøpa. Det er ein god type forenkling. Eg vil òg seia at den generelle debatten, òg knytt til EUs arbeid om såkalla forenkling, gjerne sausar saman heilt ulike spørsmål. Det er viktig for meg og SV å seia at dette forenklingsarbeidet er fornuftig og praktisk innretta. Det ein i realiteten av og til snakkar om når ein snakkar om forenkling, er å ikkje stilla krav til store selskap og å bruka moglegheita til lovregulering og demokratisk styring i mindre grad, og det er ein type såkalla forenkling som er ein heilt annan debatt, og som me får ta ved ei anna anledning. Eg vil òg understreka at eg synest det er positivt at me går saman om å leggja til at det offentlege sjølv òg skal ivareta sikkerheits- og beredskapsomsyn – i føremålsparagrafen av denne loven. Det kan vera viktig i ein del tilfelle. Rundt omkring i landet ser me dessverre litt for mange eksempel på at offentlege innkjøparar ikkje tek omsyn til f.eks. matberedskap i innkjøpa sine. Det vil no bli ein tydelegare beskjed om at det er eit omsyn ein skal ta, og f.eks. gjera innkjøp frå lokale matprodusentar. Så er eg òg på denne talarstolen for å ta opp ei rekkje forslag som SV fremjar saman med andre parti. Det gjeld bl.a. forslag om standardiserte minstekrav for klimagassutslepp for bygg og anlegg. Det gjeld miljøsertifisering. Det gjeld krav til å kjøpa inn norskproduserte økologiske varer. Og det gjeld ikkje minst eit forslag om å regulera det å etterleva humanitærretten tydelegare i denne loven. Det siste skulle eg særleg ønskt at eit fleirtal i denne salen kunne stilt seg bak. Det er altså eit forslag om at me ber regjeringa koma tilbake til Stortinget med eit forslag til korleis etterleving av humanitærretten kan regulerast tydelegare i loven, i tråd med den internasjonale rettsutviklinga. Eg håper at fleire parti kan vera med og støtta det forslaget, altså forslag nr. 13. Med det tek eg opp forslaga SV står bak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat