Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
«Vi er en sjømatnasjon», og vi er «en energinasjon». Det fastslår næringsministeren frå talarstolen når ho blir konfrontert med det faktum at Noreg ligg langt bak nabolanda våre når det gjeld innovasjon og skaparkraft. Det er først og fremst rart å høyre frå ei regjering som arbeider for å svekkje fiskeri og havbruk gjennom eksempelvis skattesjokk som set investeringar på is og ei CO2-avgift på fiske i fjerne farvatn som skaper ei stor konkurranseulempe for norske aktørar – ei regjering som også samarbeider med parti som helst skulle sett at Noreg slutta å vere ein olje- og gassnasjon, fordi ein helst skulle vore forutan CO2-utsleppa. Det Noreg treng, er ikkje politikarar som bestemmer kva slags næringar som har livets rett og skal satsast på i framtida, aleine basert på kva som har fungert historisk. Det Noreg treng, er fridom for alle landets kvinner og menn til å inngå gjensidige fordelaktige private transaksjonar, slik at morgondagens bedrifter kan blomstre og vekse seg store her heime. Vi kan ikkje fortsetje å jage gründerar og kapital ut av landet, noko som gjer heile samfunnet fattigare og mindre inspirerande. Det er trist at nordmenn med gode idear er nøydde til å reise til Sverige eller andre land for å kunne satse og finne privat risikokapital. Alle vi som sit i denne salen, veit at den svake norske innovasjonskrafta heng saman med det særnorske skattesystemet vårt. Ingen andre land vel å straffe eigne innbyggarar og deira konkurransekraft overfor utanlandske aktørar på den måten som Noreg gjer med formuesskatten. Vi kan ikkje berre lene oss på verkemiddelapparatet og monstersubsidiar til dei næringane som politikarane til ei gjeven tid lèt seg freiste av. A stole på at spåkula til næringsministeren alltid skal vise rett, er å gamble med norsk økonomi og framtidas velferdssamfunn. Difor er eg stolt over at FrP kjempar for lågare skattar og avgifter, mindre byråkrati og mindre sløsing. Det vil gje Noreg ein smidigare økonomi med fleire bein å stå på i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
