Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. feb 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tirsdag den 3. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Det har vore ein god og verdig debatt om monarki eller republikk. Me i Senterpartiet har jo uttalt oss nokså hardt mot forslaget. Men president, det finst ein president som eg er veldig glad i og stolt av, og det er stortingspresidenten – så ta dei orda til deg! Det eg saknar i debatten frå dei som forsvarer republikk og argumenterer for det, er at det er veldig vanskeleg å få tak på kva slags type republikk og kva slags type president ein ser for seg. Eg har møtt på Stortinget sidan 2009. I heile denne tida har kong Harald vore landets øvste leiar. Eg har tenkt litt på: Dersom me hadde vore ein republikk, kven hadde vore president – eller presidentar – i denne perioden? Eg har gjort meg mine tankar. Dei har eg ikkje tenkt å dela med Stortinget, men eg kan seia såpass at det eg har tenkt, ikkje har styrkt meg i trua på at republikk ville ha tent Noreg. Fleire i denne debatten peikar på demokratiet. Men ein må òg ta inn over seg at ein har eit velfungerande demokrati, og det norske demokratiet er uløyseleg knytt til monarkiet, slik at det er ingen motsetnad mellom monarki og demokrati. Tvert imot meiner Senterpartiet at monarkiet har bygd opp under og støtta det norske demokratiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat