Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er einig med statsråden i at forslaget ho har sendt på høyring, ikkje løyser utfordringa med sekundærbusetjing, så det er i alle fall eitt punkt me er einige i, og så stoppar einigheita der. Det som derimot ville ha løyst ein del av desse utfordringane, er dei forslaga som Framstegspartiet no har fremja på nytt, som me òg har fremja tidlegare, men som har vorte nedstemde av dei andre partia med Arbeidarpartiet i spissen. Er det nokre av dei forslaga som Framstegspartiet tidlegare har føreslått, og som no ligg på bordet igjen, som Arbeidarpartiet i lys av at dei ikkje har klart å løysa denne utfordringa, er villig til å vurdera å stemma for denne gongen, sånn at me kan få gjort noko med dei utfordringane som mange – òg arbeidarpartiordførarar – tek opp som ei utfordring med sekundærbusetjing? Det er ei stor utfordring for dei kommunane som får nye innbyggjarar og ikkje har ein økonomi som gjer at dei kan gje dei eit godt tilbod, noko som gjer at me har den situasjonen me ser på det sentrale austlandsområdet og i Østfold i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
