Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 4. feb 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 4. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Då oppfattar eg at det er ei opning for at forslag som Framstegspartiet har fremja på nytt – forslag som har vorte nedstemde når me har fremja dei tidlegare – no kan vurderast på nytt fordi ein ser at eigne forslag ikkje har verka, og problemet er der. Tidlegare ordførar i Sarpsborg som no er fylkesordførar, Sindre Martinsen-Evje har sagt at dagens integreringspolitikk er feilslått. Det er en påstand Framstegspartiet er einig i. Om statsråden er einig med sin eigen partifelle i at dagens system er feilslått, veit eg ikkje, men det kan me kanskje få eit svar på. Det begynner å hasta med ikkje berre å utgreia og snakka, men faktisk òg å stemma for forslag. Er statsråden einig i at hadde Framstegspartiets forslag vorte vedtekne tidlegare, hadde dette problemet vore mindre, og at me no treng meir forpliktande vedtak og ikkje berre utgreiingar, skal me få løyst sekundærbusetjingsproblemet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat