Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. feb 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 5. februar 2026 kl. 10

Innlegget

Når systemet sviktar, er det politikarane sitt ansvar å reagere, og det hastar. Når nokon får eit tungt og stort hjarteinfarkt, må det vere likeverdige krav til at ein får den same pasientbehandlinga uansett kvar ein bur i landet, og uansett flyvêr, reisetid osv. Det må vere eit krav. Sånn er det også i Møre og Romsdal. Om eg får hjarteinfarkt heime, der eg bur, langt ut i hutaheiti, kan rullegardina sikkert berre gå ned. Det å kome seg til St. Olavs hospital er ikkje noka enkel sak. Då har ikkje eg det same tilbodet som når eg f.eks. reiser til Sverige og besøkjer dottera mi. Sverige har 29 PCI-senter, vi har 11 i Noreg. Det er heilt ufatteleg at Sverige, i område etter område, har det vi aldri klarer å få til. I landet vårt, med høge fjell, fjordar og dårleg vêr, klarer vi altså ikkje å få det til. Det er byråkratiet som skal styre. Når eg høyrer på statsråden, verkar det som vi politikarar er ein klamp om foten som ein på ein måte må få vekk, for ein må jo forstå at vi kan ikkje gjere vedtak i denne salen som overstyrer ikkje-folkevalde system i helseføretaka. Når systemet sviktar, er det vårt ansvar som politikarar å handle. Det må vi aldri gløyme. Det er openbert behov for eit PCI- senter i Møre og Romsdal og i Ålesund. Avstandane er enorme. Det er i Møre og Romsdal og nordpå ein har dei store utfordringane med avstand, og det må ein ta på alvor. Og eg må seie at eg ikkje er imponert. Det skal utgreiast, og det skal planleggjast. Framdrifta og effekten i denne salen er omtrent som å sjå måling tørke. Det skjer ikkje, det er ikkje framdrift, det skjer jo ingenting. Eg er van med at heime, i Møre og Romsdal, i næringslivet og andre stader, der eg har jobba tidlegare, får vi ting gjort når det er behov for det. Det kan ikkje vere tvil om at det er behov for eit PCI-senter i Ålesund. Når det er sagt, er det kanskje størst fare for å få hjarteinfarkt på denne talarstolen. Når ein høyrer på debattar og engasjerer seg, som i alle fall underteikna gjer, er det kanskje størst fare for at ein får det her. Og då er det mange alternativ for å kome seg raskt av garde. Eg kan for min del ta med meg det som positivt, men det hjelper altså ikkje dei som bur i Møre og Romsdal, som er bekymra for denne tenesta. Difor kjempar vi for PCI-senter i Ålesund, og difor håpar eg at Høgre og andre no tek til vitet og blir med og får dette på plass. Vi treng ikkje fleire utgreiingar, vi treng ikkje fleire planar, vi treng ikkje meir somling – det er det same som å sjå måling tørke, det må folk hugse på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat