Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Denne saka her viser litt av den frustrasjonen iallfall underteikna har knytt til spesielt samferdselssaker og korleis ting fungerer i dette huset her, på ein veldig god måte. Representanten Geir Inge Lien, Høgre og Arbeidarpartiet stod i valkampen og lova høgt og tydeleg at dette prosjektet, Solavågseidet–Blindheim–Moa – til representanten Geir Inge Lien: Solavågseidet–Blindheim kjem før Moa – skulle ein byggje. Alle skulle prioritere det prosjektet. Det var berre å køyre på, det var ikkje måte på korleis ein skulle prioritere det. Forslaget er ikkje at ein skal løyve pengane i dag, ein ber om å få ein plan for korleis ein har tenkt å gjere det med prosjektering, planlegging og også finansiering. For å kunne få det inn i ein framtidig NTP, må ein faktisk ha den rekkefølgja, og ein må gjere det for å kunne få dette opp og fram i prosjektering. I førre periode stod vi her i ein initiativdebatt angåande trafikktrygging og trafikksikkerheit. Vi var alle partia einige om at antalet hardt skadde og drepne i trafikken er ei kjempeutfordring. Tala for 2025 vart dessverre høgare enn tidlegare, og vi ser det dessverre så langt i år òg. Alt dreier seg om å gjere alle moglege tiltak for å få ned antalet hardt skadde og drepne i trafikken. Det er vi alle hjartans einige om, men der stoppar det. Det stoppar gjennom at vi i FrP faktisk ønskjer å gjere noko med det. Grunnen til at vi tok opp den initiativdebatten, var å få gjort noko med dei farlegaste vegane vi har i landet. E16 Skaret–Hønefoss er kanskje den aller verste. Ein veg som kjem veldig høgt opp på lista – han er sannsynlegvis nummer to – er akkurat denne strekninga her. Det er enormt mange alvorlege ulukker og mange dødsulukker der. Det er ei kjempefarleg vegstrekning, med opp mot 25 000 bilar i ein eittløpstunnel. Det er Noregs mest trafikkerte eittløpstunnel, og det smell i tide og utide. Kva gjer vi som storting då? Kva gjer vi som politikarar? Når systemet ikkje fungerer, er det vårt ansvar som politikarar faktisk å gjere noko med det, men det evnar vi ikkje. Då snakkar vi om ein nasjonal transportplan som ikkje eksisterer. Det er ingen vedteken nasjonal transportplan. Det er seks prosjekt som vart vedtekne i seks romartalsvedtak, men NTP-en er ikkje vedteken. Det er ein Arbeidarparti–Senterparti-NTP, som hadde mindretal. Vi hadde eit mindretal, Høgre hadde eit mindretal, SV og andre parti hadde mindretal. Det er ingen NTP som gjeld i dag, så slutt og snakk om det – det vert berre heilt feil. Eg er skuffa over at ingen har vyar, ingen har idear om kva som skal til for å få trafikken tryggare på den strekninga – eller for den saks skuld andre strekningar. Det er synd. Det er synd for bilistane, det er synd for trafikktrygging. Eg tek opp forslaget vi hadde.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
